Røyst mat og vin

Velkommen!

Røyst finn du i Nynorskhuset i Førde saman med mellom anna Teater Vestland. Her ligg alt til rette for ein heilaften med restaurantbesøk før eller etter teaterforestillinga. Det er mogeleg å ete ein trerettars middag eller å berre ta seg eit glas og noko knask attåt.

Vi driv lønsjkafé på dagtid og restaurant på kveldstid. Vi har eit godt utval av varme og kalde rettar. Kom innom for ein hyggeleg lønsj eller for eit stykke kake og byen sin beste kaffi, levert av det eksklusive kaffebrenneriet Jacu frå Ålesund.

Vi i Røyst-familien er klar for å ta i mot deg og vil gjere alt vi kan for at du skal få ei fin stund. Vi jobbar for å vere den beste staden for mat- og vinopplevingar i Sunnfjord.

 

Booking

Bord kan bookast online fram til 1 time før innkomst.

Er det fullt, eller ingen bord ledige på nett, ring oss på tlf. 57 72 77 77 så hjelper vi deg.

Booking startar kl. 16.00.

 Ynskjer du bord for meir enn 8 gjestar?
Send oss ein e-post, også om du kjem til lønsj.
post@roystmatogvin.no